ABM-utvikling skrev dette i en pressemelding i forbindelse med tildelingen av midler til prosjektet:
Snart skal du kunne låne ebøker på biblioteket. I alle fall viss det går slik Drammensbiblioteket vil. Biblioteket vil i første omgang teste ut utlån av ebøker på tre bibliotek i Buskerud. Dermed kan du sitje heime i godstolen og laste ned den boka du vil lese. Lesinga kan du gjere på pc-en, mobilen eller leseplate.
På nettstaden til biblioteket skal du kunne skrive bokmeldingar, legge ut boklister og elles dele dine litterære interesser. Målet er å gjere han til eit nettsamfunn.
Drammensbiblioteket vil først prøve seg med 200 norske titlar, fordelt på fag- og skjønnlitteratur. Etter at ebokutlånet er prøvd ut i dei tre buskerudsbiblioteka, vil ein prøve å gjere det til ein nasjonal portal for utlån av ebøker.
Prosjektet har fått 350 000 kroner i prosjektstøtte av ABM-utvikling – Statens senter for arkiv, bibliotek og museum.
- Å få opp ein nasjonal portal for utlån av ebøker er viktig, framtidsretta og ein sentral del i forhold til biblioteka sine samlingar. Det er utfordrande å finne gode løysingar for utlån av digitale medie, både teknisk og opphavsrettsleg. Nettopp gjennom å prøve ut praktiske løysingar kan vi få svar på dette, seier Tone Moseid, avdelingsdirektør i ABM-utvikling.



Er det mulighet for folk som bor i Oslo og være med på dette låneprosjektet. Har 2 leseplater fra før (Irex Illiad og Kindle) og vil gjerne kunne låne bøker til disse.